Årets tipsvinnar

Mette Byremo er trekt ut som Årets tipsar og stikk av med gåvekort-premien på 6000 kroner.

Suldalsposten, Marita Ims/Esther Moe, 11.01.12

Kvar månad trekkjer Suldalsposten ut ein vinnar blant dei som har tipsa avisa med saker som endar på trykk. Byremo blei tipsvinnar i september og var dermed med i sluttrekninga om gåvekortet og tittelen årets tipsar.

Bilete tekst:
Me gratulerer Mette Byremo som årets vinnar blant alle tipsarane i 2011!

Motivert
Stavangerkvinna mange kjenner som dagleg leiar av Hiimsmoenstiftinga er både overraska og glad for å vera den heldige denne gong.
- Det passa jo godt nå i desse salstider, seier ho muntert og satsar på å senda inn fleire tips i framtida.
- Med såpass store gåver må me jo det!

Gull verd
Det er ikkje utan grunn at lokalavisa har lyst til å tydeleggjera at me set pris på lesarar som tar jobben med å kontakta avisa med stort og smått som endar på trykk. Det som er sjølvsagt i den einskilde sitt daglegliv, kan vera nyhendegull i ein avisredaksjon. Det kan vera tips om folk du synest burde portretterast, eller ein nabo med ein flott hage. Det kan vera raset du kjører forbi og får fotografert, eller ei sak i det offentlege du reagerer på.