Bort frå Suldal
Hiimsmoen ber eks-elevar flytta
Saka: Politiet åtvarar mot eit aukande rusmiljø i Suldal.
BEKYMRA: Lensmann Niljann Hustoft meiner at avhopparar frå avrusingsinstitusjonane skaper ei negativ utvikling
Like før jul blei åtte personar tatt for narkotikakriminalitet. Fem var tidlegare institusjonsbrukarar. Heidi Hjorteland, tekst og foto.
SULDAL: - Hiimsmoenkollektivet fråråder tidlegare elevar å busetta seg i kommunen, for å unngå at det skal oppstå destruktive miljø, fortel avdelingsleiar ved kollektivet, Halstein Espeland. Eit rusmiljø kan lett oppstå dersom den tidlegare eleven ikkje er rusfri, eller på nytt hamnar i rusmisbruk.
AVHOPPARAR: Lensmann Niljann Hustoft meiner avhopparar frå avrusingsinstitusjonane i bygda, Hiimsmoenkollektivet og Juvåsen rehabiliteringssenter, spelar ei viktig rolle for den negative utviklinga. I dag møtest representantar frå Hiimsmoen, Juvåsen, kommunen og politiet for å drøfta situasjonen.
SVÆRT FÅ: Espeland legg til at i dei snart 25 åra Hiimsmoen har drive behandlingsopplegg i Suldal, er både avhopparar og busette blant dei rusfrie, svært få.
- Éin tidlegare elev som buset seg her og skaper bråk, er éin for mykje. Me er avhengige av å ha eit godt forhold til bygda, fordi den er ein viktig øvings- og læringsarena for elevane våre. Dersom det blir øydelagt, vil det gå ut over heile verksemda vår. Difor følgjer me godt med alle «våre » som bur i Suldal, sjølv om dei ikkje lenger er under behandling, forklarer Espeland. Han legg til at eit aukande rusmiljø har mange og komplekse årsaker, men står fast på at dei framleis vil gjera det dei kan for å få eks-elevar bort frå Suldal.
MÅ HEIM: Karmsund ABR-senter driv Juvåsen Ressurssenter på Sand. Dagleg leiar i selskapet, Halvor Hansen, fortel at dei som avbryt behandlinga, blir sende med første båt heim. Han kjenner til to som har busett seg fast på Sand blant tidlegare brukarar, men begge desse har greidd å halda seg rusfrie, så langt han kjenner til.
- Ingen av dei politiet tok i samband med narkotikaaksjonen før jul, kom frå Juvåsen, presiserer han.
Stavanger Aftenblad 18.01.06.

