Dørum tror på Hiimsmoen

Odd Einar Dørum
Før justisminister Odd Einar Dørum skulle på Venstres landsmøte i Stavanger i 2003, tok han seg tid til et møte med Hiimsmoen, der bl.a den nye undersøkelsen ble presentert.

Odd Einar Dørum støttar ideologien ved Hiimsmoen om lang behandlingstid. Nære relasjonar til vaksne bygd opp over lang tid har gjeve Hiimsmoenkollektivet ry som ein av dei beste behandlingsinstitusjonane i landet. Det er eitt av få kollektiv som har blitt over 20 år. Men vegen fram har ikkje alltid vore enkel. Politikarane vel ofte den kortaste og billegaste løysinga. Hiimsmoenkollektivet har aldri hatt tru på at kort behandlingstid vil sikra ungdommane eit stabilt liv. Arbeidssituasjonen for dei tilsette fell utanfor tarifflova, men justisministeren er samd i at det å bu saman med rusmisbrukarane er ei god løysing.
- Rusmisbrukarane treng vaksne som er villige til å stilla opp. Gong på gong over ein lang periode. Eg trur gode relasjonar er det einaste som kan hjelpa unge med rusproblem. Å bu saman er den beste måten å knyta desse banda på, seier han.

Dørum talar for å stilla strengare krav til folk som arbeider med ungdom. Han vedgår også at skjebnen til ungdom med rusproblem i for stor grad vert styrt av juss, at lover og reglar hindrar oss i å sjå enkeltmenneska. Ingen institusjonar med kort behandlingstid kan visa til resultat slik som Tyrili, Selbu og Hiimsmoen. Alle tre er stiftingar der leiarane bur og lever saman med ungdommane. Han meiner at resultata ved Hiimsmoen er like interessante for rettsvesenet som for rusomsorga. Dørum meiner det er viktig å skilja gode behandlingsinstitusjonar frå dei dårlege gjennom undersøkingar, for på den måten å gje flest mogleg sjansen til å få rett behandling. Han meiner det er viktig å jobba vidare med vellukka behandlingsmåtar. Justisministeren avsluttar med å sitera stiftaren av Selbukollektivet: - "Det døyr fleire av manglande tru på at det nyttar, enn av heroin."

Av Tanya Bakke, Suldalsposten, 24.01.2006