Ei farlig utvikling




Leiar Suldalsposten 06.12.06


Lensmann Niljann Hustoft ropar i sist avis eit kraftig varsku mot dei aukande narkotikaproblema i kommunen.

- Suldal er i ferd med å bli infisert av narkotika, slår han fast, og konstaterer at Suldal er i ferd med å bli ein fristad for stoff. Hustoft er mektig arg på Suldal kommune, som han meiner ikkje gjer nok for å møta denne skumle utviklinga. Konsekvensen er at avhopparar frå dei to lokale rusinstitusjonane introduserer narkotika for lokal ungdom. I kjølvatnet av dette aukar vinningskriminaliteten, slik som me har sett fleire eksempel på den siste tida. Nå er det viktig at politiet sitt varsku blir forstått og resulterer i konkrete tiltak for å stoppa utviklinga. Særleg gjeld dette i den kommunale apparatet som - i følgje lensmannen - har halde seg passiv til utviklinga. Men det kviler også eit tungt ansvar på Juvåsen og Hiimsmoenkollektivet. Kva er det som gjer at så mange hoppar av rusbehandlinga? Er rutinane ved institusjonane gode nok? For det er ikkje til å stikka under ein stol; indirekte skaffar dei to rusinstitusjonane Suldal eit narkotikaproblem. Fortset avhoppingstendensen i same sporet, kan den lokale legitimiteten til Hiimsmoen og Juvåsen stå på spel. Det er ingen tente med.

Samstundes kan me godt retta ein liten peikefinger mot oss sjølve. Me har også auger og øyre. Tida er inne for ein felles front mot narkotika. For ungdommen og framtida.