Det gamle lakseslottet på Hiimsmoen er nyleg restaurert
utvendig, og ser nå ut tilnærma slik det var oppført. Innvendig har
huset vore gjennom mange endringar opp gjennom åra, og gjennomgår
nå eit omfattande oppussingsarbeid.
Gammalt på nytt
Bli med inn i lakseslottet på Hiimsmoen der gammal prakt har gjenoppstått, og der sjela frå lord Hunter si tid lever i beste velgåande.
Hiimsmoen
Det gamle lakseslottet på Hiimsmoen er nyleg restaurert utvendig, og ser nå ut tilnærma slik det var oppført. Innvendig har huset vore gjennom mange endringar opp gjennom åra, og gjennomgår nå eit omfattande oppussingsarbeid.
I løpet av dei godt og vel hundre åra som har gått sidan engelske lord Hunter kjøpte eigedomen, som den gang var husmannsplass, har slottet han sette opp som feriebustad vore gjennom mange endringar, og blitt tilpassa relevant bruk mange gonger. Røde kors har drive sanatorium for tuberkulose pasientar i bygget. Det har husa barnehage og kommunale leilegheiter, og det var både upraktisk, nedslarva og lite innbydande då Hiimsmoen Kollektivet overtok det i 1982.
Mange utfordringar
Kollektivet sin intensjon og mål med huset er å bevara den varme og sjelfulle atmosfæren i huset, og få fram mest muleg av den originale stilen.
- Me ønskjer å restaurera huset på bygningens eigne premissar, samstundes som me tilpassar det til kollektivet sitt bruksbehov, òg med tanke på eventuell annan framtidig bruk.
I dette ligg det mange utfordringar, og arbeidet med å tilpassa estetiske og praktiske løysingar slik at dei oppfyller krava til brann- og byggjeforskrifter, har bydd på ein del tekniske nøtteknekkarar, seier John Leo Rødne, som er byggansvarleg ved kollektivet.
- Til dømes å få installert eit sprinklaranlegg utan at det blir dominerande og skjemmande langs vegger og tak har vore ei utfordring å få til, forklarar han. Men på lik linje med kollektivet sin filosofi i arbeidet med å rehabilitera ungdommane som kjem dit; Å gjera det umulige muleg, har arbeidet med å rehabilitera huset gått føre seg på same viset, og både Rødne og "k ollektiv-folket" er godt nøgde med løysingane dei har fått til.
Trinn for trinn
Oppussinga av første etasje er allereie ferdig. Denne består av kontor, festsal med plass til hundre personar, samt kjøkken som òg kan nyttast til møterom. Neste trinn på arbeidsplanen er andre etasje. Denne består av personalleilegheiter, og på nyåret startar arbeidet med å gjere fire nedslitne "skrekk-kabinett" frå seksti- og syttitalet om til nye funksjonelle leilegheiter med to soverom og bad.
Riv ned myter
Mange er kritiske til å restaurera gamle bygningar, og meiner det kostar meir enn det smakar. Kritiske røyster har òg i dette tilfellet ropt ut at det er betre å rive "skiten" og byggje nytt, heller enn å bruka pengar på å vøla "makkamjøl". Dette er ei sanning med modifikasjonar, meiner Rødne.
- Mange gamle bygg er i ei slik forfatning at det nok svarar seg å byggje nytt i staden for å ta vare på det ein har. Men verditaksten på treverket i dette huset er utrolig bra, og det finnst mest ikkje makk eller råte nokon stad.
God investering
- Ein må sjølvsagt ta høgde for kva stand treverket er i, og til kva forventningar ein har til luksus og standard når ein vurderar restaurering kontra riving av gamle bygningar. Men i dette tilfellet endar me, interessant nok, opp med ein kvadratmeterpris som kostnadsmessig, er godt under det ein må rekna for eit tilsvarande nybygg i Suldal i dag, reflekterer Rødne. Generelt er han òg oppteken av å bevara og ta vare på gamle hus og bygningar både i eit fagmessig og kulturhistorisk perspektiv, og husets verneverdi, om enn ikkje nasjonalt, så i alle fall regionalt og lokalt er derfor òg viktig meiner han. Dette har òg Fylkesrådmannens regionalutviklingsavdeling konkludert med i ein uttale om bygningens verneverdi.

Suldalsposten 13.11.10

- Bygningen består eigentleg av to bygningar, våningshus for tenestefolk og lakseslott, og har blitt "spleisa" saman til eit stort hus
- Samanføyinga skal ha skjedd på Hunters tid, men om det har skjedd samstundes som "slottet" blei bygt, eller om han har sett opp mellombygget på eit seinare tidspunkt er uvisst.
- Mellombygget består av to etasjar, medan hovudbygningane er på tre plan.
- Samla bruksareal er omtrent 1000 kvadratmeter.
- Restaureringsarbeidet er kostnadsrekna til mellom sju- og åtte millionar kroner.