Garden som redda livet hans

 
 
 
 
 
 
Nokre sauer, eit gamalt våningshus og ein skranglet snekke minner Tommy Gimsøy om tida som rusmisbrukar. Og om korleis han fekk orden på livet sitt.

Stavanger Aftenblad, av Kjetil Hjertevik, Jan Tore Glenjen (foto).


SULDAL: I Sandsfjorden, omkring midt mellom Marvik og Sand ligg den eldgamle garden Nevøy.

Då Tommy Gimsøy så staden for første gong i 1997, var våningshuset ei rønne og kulturbeitet minna mest om ein form for ukultur.

FAKTA
  • Nevøy er ein del av tilbodet ti1 Hiimsmoenkollektivet.
  • Kollektivet nar drive med behandling av unge med rusmisbruk i 20 år. Laurdag blir jubileet feira med stor fest på basen i Suldal.
  • 20 ungdommar bur på Hiimsmoen i Suldal, i eit hus i Sand sentrum og i Stavanger. Småbruket på Nevøy er eit tilleggstilbod ti1 kollektivet.
  • Per i dag bur ein tilsett og 40 sauer på bruket.

Tente på ideen
På den tida var Stavangerguten Tommy Gimsøy elev ved Hiimsmoenkollektivet. Etter å ha levd som rusmisbrukar i fleire år, var han på god veg til å bli nykter.
Å finna småbruket på Nevøy ga Gimsøy endå meir lyst til å kvitta seg med all rus.
Hiimsmoenkollektivet hadde leita ei stund etter eit småbruk. Planen var å bruka det i arbeidet med rusbelasta ungdom. Etter kvart fekk dei i stand ei avtale med eigaren Trygve Høivik om å leiga staden i 20 år.
Den siste tida Tommy Gimsøy budde på Hiimsmoen, gjekk mykje av tida med på det gamle småbruket.

Plastvindauge
Folk har budd på Nevøy sidan før svartedauden kom til landet på midten av 1300-talet. Deretter heldt folk seg borte frå garden til starten på 1600-talet. Sidan den gong har det vore gardsdrift på Nevøy.
- Då me fyrst kom tll Nevøy var taket det einaste som var brukande på våningshuset, fortel Tommy Gimsøy.
Saman med ein av dei tilsette på Hiimsmoen budde han periodevis på halvøya.
Einaste vern mot kulda på kalde dagar var ein diger vedomn på kjøkkenet og plast
framføre vindauga. Straum fantes ikkje.
For Tommy Gimsøy blei det spartanske livet ein inspirasjon. Han brukte mykje tid på å tenkja ut korleis småbruket skulle sjå ut i framtida og til å finna ut av historia til bruket.

Mykje er endra
Gimsøy reiste frå Hiimsmoen lenge før småbruket Nevøy vart ferdig restauret. No er det nesten fire år sidan han tok skikkelig fatt på det rusfrie livet. I dag fyllast dagane med familie og fast jobb som tømmermann i Egersund.
Hiimsmoen og Nevøy har set så sterke spor i kroppen, at ban med glede brukar deler av ferien sin på å besøke ei flik av fortida. Han vil sjå kva som har skjedd med småbruket han brukte så mykje tid og tankar på.
For å komma til Nevøy må ein reise tre kvarter i kollektivet si snekke. Ein gamal trebåt med overbygging av metall. Gimsøy kjenner mest ikkje båten igjen då han går om bord på kaien på Sand.
Båtturen set endå meir fart i minnene. Han minnest ruskeveret i Sandsfjorden utan frysningar.
- Her er me akkurat halvegs, seier han, og peikar på landemerket han fant fram til på sine mange turar.
Vel inne på Nevøy ruslar han spent opp dei få hundre metrane til småbruket.
- Dette er sjukt, seier han i det våningshuset kjem fram bak låven.

Nesten tipp topp
Sist Tommy Gimsøy såg huset var det framleis mykje arbeid att.
No har det fått innlagd vatn, straum og telefon. Kledningen og vindauga er skifta ut. Innvendige vegger er fjerna.
- Dei har heldigvis teke vare på den gamle døra me fann under veggplatene, seier Gimsøy, og kjenner etter at ho fungerer.
Han legg også merke til at ikkje alt dei planla i starten, er blitt slik dei såg det for seg.
- Staden har likevel blitt fantastisk, forsikrar han.

Ro til å starte kampen
Ein tommelfingerregel: Har du rusa deg i tre år, tek det tre år å blir rusfri For mange blir kampen for hard. Hiimsmoenkollektivet håper at Nevøy blir. ein stad som kan inspirera ungdommar til å kvitta seg med rusbruken.
Den første bufaste ungdomen. Chris Jacobsen frå Bergen, har allereie prøvd ut livet her på småbruket. Han meiner fordelen med den avsidesliggande plassen er at den enkelte må ta eit oppgjer med seg sjølve - på Nevøy er det ingen forstyrrande element.
Dei tilsette på Hiimsmoen bur tett på elevane sine tida. Odd Arne Strand har vore her i 13 år, og er no ansvarleg for Nevøy. Han kiln vere på småbruket i opp til to og ein halv månad i eit strekk før han tar seg fri.I den perioden er han med ungdommane på opp- og nedturar.
- Uansett kva som skjer, så er det viktigaste for oss å vere her for ungdommane, seier Strand.
Dagleg leiar Mette Byremo i kollektivet fortel om eit arbeid som blir ein livsstil. Foreldra hennar er mellom anna vant med at ungdommane frå Hiimsmoen kjem på middagsbesøk saman med dottera