Godt Kafé-klima

Sand er blitt kaféplassen Sand, med sju kafear i sentrum. Kaffitørste og småsvoltne gjester strøymer til kafeane som nærast ligg på rekkje og rad i Gata. Det synest som det våte sommarvêret skremmer folk inn i kafeane, ikkje ut.


Mari Fløgstad Skipevåg (t.v.) serverer Anita og Martine Eilertsen på Fargeriet Kafé. Erfjordkvinnene er nesten aldri på Sand utan at dei går på kafé.
Foto: Jonas Jørstad.


Regnet fyller kafeane
Fastbuande og forbifarande trekkjer lett innandørs i dei mange kafeane i Gata når himmelslusene opnar seg over strandstaden.

Ein drypande våt sommar skaper pluss i statistikken for mange kafear på Sand. Ryfylke Fjordhotel, Fargeriet Kafé, Heidrun Kro, Den Lille Café og Ronæs Bakeri og Konditori melder om mykje folk som kjem innom for å få seg kaffi eller ein liten matbit.
- Det har vore veldig mykje folk her i sommar, seier Kjersti Skåtevik i resepsjonen ved Ryfylke Fjordhotel.
- Så dei let seg ikkje skremma av vêret?
- Tvert imot, det verkar som vêret skremmer folk inn, lyder Skåtevik si forklaring.

Suldalsposten, Jonas Jørstad, 25.07.2007