Grunngjeving byggeskikkpris

Fargeriet. Arkivfoto.
Fargeriet
Den andre bygningsvernprisen går til Hiimsmoen-stiftinga for rehabilitering av Røgeneshuset, Gata 12 på Sand.

Huset vart bygd i 1894, etter den store sentrumsbrannen i 1892. Der dreiv fargarmeister Anders Røgenes fargeri i første etasje, og budde med familien i andre etasje. Det var eit typisk hus for Gata, med verksemd i første høgda, og bustad i andre. Forma på huset, dekoren og fargane var moteriktige for byggjeåret. Huset blei modernisert første gong i 1945. Då Hiimsmoen-stiftinga kjøpte huset i 2000, var det lite som minna om huset frå århundreskiftet. Dei nye eigarane valde å gå laus på ei delvis tilbakeføring og rehabilitering av huset. For å tilfredstilla krava for kjøkken til servering, vart det gamle uthuset rive, og bygd opp att som eit tilbygg til huset.

Byggeskikkomiteen ønskjer også å gi prisen for godt bygningsvern til Hiimsmoen-stiftinga for god vilje og evne til å skapa liv i Gata på grunnlag av dei tradisjonane som ligg på staden og i huset. Namnebruken på kafeen i huset spelar på historia, huset har fått tilbake sin opphavelege karakter, til og med i fargebruken. Komiteen synest dette er ein pris verdig.

Helga Møgedal, Suldalsposten 12.04.06