Hiimsmoen har redda liv både før og nå

Då Hiimsmoen-boka blei presentert, møttest både sanatoriepasienten Sofie Fatnes og kollektiveleven Eli Berentzen.

Boklansering: Eli Berentzen, til venstre, og Sofie Fatnes gler seg til å lesa Hiimsmoen-boka «De(t) umulige». Trygve Brandal har vore redaktørfor boka. Foto: Heidi Hjorteland

SULDAL: For begge blei Hiimsmoen ein stad der dei fann tilbake til livet. Sofie Fatnes frå Bømlo blei frisk av tuberkulose, og Eli Berentzen frå Bergen har fått bukt med stoffproblema sine.

Boklanseringa blei brukt til å mimra om livet på Hiimsmoen gjennom 80 år. Tittelen «De(t) umulige» gir tolkingsrom, og peiker nok mellom anna på striden som rasa i suldalsamfunnet, før etableringa av kollektivet.
- Me hadde hatt nok stoff til ein såpeserie i fem år, påpeiker Knut Redalen ved stiftinga Hiimsmoen.

Boka er ein mangeårig draum som går i oppfylling. Ryfylkemuséet har vore samarbeidspartnar. Museumsleiar Roy Høibo meiner alle som har barn, vil ha stort utbytte av å lesa boka. Han meiner historia som blir fortald, gir eit verdifullt innblikk i toleranse,innleving og respekt. Allmenne verdiar, som blir sett på spissen i eit kollektiv.
- Har fått mykje att
Høibo seier han er glad for etableringa av kollektivet, og viser til at den lokale skepsisen forstumma raskt. Han meiner Hiimsmoen har gitt mykje tilbake til Suldal, og trekker mellom anna fram kafeen kollektivet driv i Sand sentrum.

Dei seinare år har to tredjedelar av ungdommane som har vore elevar ved kollektivet, blitt stoffrie. Livet ved Hiimsmoen blir skildra som eit liv i kamp, kos og kaos. Mykje av dette kjenner også Sofie Fatnes igjen frå si tid som sanatoriepasient.
- Eg trur det var minst like strengt å vera på Hiimsmoen i den tida. Ein utedo blei brukt som hemmeleg flaskelager, men blei nokon oppdaga i regelbrot, måtte dei reisa heim, minnest ho.

Sanatoriet var ofte overfylt, og det var mange omsyn å ta. I dag bur det ti ungdommar på kollektivet i lag med ein del vaksne medelevar.
- Godt tilbod
Berentzen har vore elev ved kollektivet i to år, men bur nå i eige husvære i Sand sentrum. Før ho kom til Sand, prøvde ho eit anna behandlingstilbod, men er mest nøgd med hjelpa ho har fått på Hiimsmoen. Den unge jenta er nå klar til å ta fatt på meirutdanning.
- Eg ønskjar meg eit arbeid der eg kan få hjelpa andre, seier ho.

Hiimsmoen blei bygd på slutten av 1800-talet, av ein engelsk lakselord. Deretter kjøpte Stavanger Røde Kors eigedommen for å driva sanatorium for tuberkulosesjuke. Deretter blei Hiimsmoen mellom anna brukt som gamleheim og barnehage, før staden bleikollektiv for stoffavhengig ungdom i 1982.

Trygve Brandal har vore redaktør for boka som kjem ut i 1000 eksemplar. Ho vil bli seld både i Suldal og Stavanger.

Heidi Hjorteland, Stavanger Aftenblad