Hiimsmoenrevyen


Elevar og tilsette ved Hiimsmoen inviterte laurdag til revy på Suldal samfunnshus. Publikum gleda seg over song, dikt og sketsjar.
Tema for framsyninga var spørsmålet om kva fridom inneber, og tilskodarane fekk med seg både alvor og skjemt.




Foto: Helga Møgedal, Suldalsposten
Fridom kva er det?
Spørsmålet gjekk som ein raud tråd gjennom framsyninga elevar og tilsette ved Hiimsmoen kollektivet viste på Suldal samfunnshus laurdag.

Temaet blei gjennomlyst i song, dikt og sketsjar. Kollektivet viste nok ein gong at dei rår over solide musikalske krefter. Og sjølv om dei fleste innslaga problematiserte rundt tema, i kampen mellom gode og vonde krefter, så slapp aktørane seg laus og lokka fram gapskratten i intervjusekvensen. Der gammal som ung fekk spørsmål om kva fridom betydde for akkurat dei.

Takka for tenesta
Etter den opne framsyninga på samfunnshuset, samla tidlegare elevar, tilsette og gjester seg rundt spekematen i festsalen på Hiimsmoen. Markeringar av elevar som flyttar frå kollektivet og folk som har vore trugne i tenesta inngår som ein viktig del av festen. Dagleg leiarMette Byremofekk velfortente godord etter 20 år ved roret. MedanBjørn Sandvik,Anne Lise Pedersen,Astrid HurumogVidar Valbelandfekk takk for fem års teneste og Reidun Hiim, Johan Häglund, Reichard Steen Larsen ogJan Møgedalkan sjå tilbake på 10 år på moen. Og Mina Jørgensen har vore trufast på Hiimsmoen sin kafé, Fargeriet, i ti år. Hiimsmoen har i dag 40 medarbeidarar fordelte på avdelingane på Sand og i Stavanger.

Tekst og foto: Helga Møgedal, Suldalsposten