Ich bin ein hamburger

Hjernen bak hamburgermenyen på Fargeriet er Halfdan Frøysaa (17). Sidan Frøysaa hadde arbeidd på Fargeriet i over tre månader, blei denne veka via hans menyønske.

Halfdan Frøysaa (17) har ikkje kokkeutdanning, men har likevel utvikla hamburgermenyen på Fargeriet.

- Eg likar hamburger sjølv, og eg tenkte å prøva å laga annleis vri, seier Frøysaa. Han baud på vilt-, kylling og vanleg oksehamburger med heimelaga hamburgerbrød til. Frøysaa har ikkje utdanning innan kokkefaget, men har eksperimentert med mat sidan han var liten og alltid vore glad i matlaging. Slik har han også utvikla menyen denne veka, fortel Frøysaa.

God oppslutning
Kafégjengarar har gitt hamburgermenyen varm mottaking.
- Det verkar som responsen har vore god. Det er betre enn forventa og mange bestiller, seier hobbykokken.

Fargeriet har temaveker med ujamne mellomrom. Dagleg leiar Hanne Lund-Johansen fortel om god oppslutning på sist temaveke i fjor, med spansk mat på menyen. - Me utviklar oss også, seier Lund-Johansen om meny-skifta.
- Det er bra for bedrifta.

Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp Nilsen, Suldalsposten, 19.04.08