Jubileum og kakefest
Hanne Lund-Johansen, Eli Berentzen og Mina Jørgensen framføre jubileums-kakebordet dei laga i stand til feiringa fredag.
Dei var fleire som ønskte å setja igang eit prosjekt som òg kunne fungera som god arbeidstrening for bebuarane på Hiimsmoen. Lokala i Gata vart ledige etter at den gamle krambua vart lagt ned, og kollektivet fekk tilbod om å leiga huset.
- Me var ein gjeng på sju-åtte stykker som jobba med saka, fortel Hanne Lund-Johansen som i dag er leiar for kafédrifta.
For å gjera lokala om til kafé hadde dei mykje arbeid framføre seg når dei starta opp.
- Me måtte bestemma oss for korleis me ville ha det. Planleggja meny, fargeval, oppussing, ombygging og mykje anna, forklarer ho
Gamalt fargeri
Ho hugsar godt den første dagen etter at dei opna.
- Me var spente på korleis det vart motteke i bygda, og i starten var det eindel som var skeptiske, fortel ho.
Men etterkvart har dette gått seg til, og no er det ein møteplass for folk i alle aldrar.
Sjølve huset har ei lang historie bak seg, og har tidlegare vore nytta til alt frå krambu, kafé og sjølvsagt òg fargeri.
- Frå slutten av 1800-talet hadde A.Røgenes fargeri i Gata 12, og folk leverte tøy til farging heilt fram til 1920-talet. Me hadde lyst til å behalda noko av det gamle preget. Difor fjerna me plater og maling og pussa oss ned til dei gamle tømmerveggene. Då var det òg kjekt å nytta noko av historia i namnet på kafeen, og valet fall på Fargeriet, fortel Lund-Johansen.
Ragnhild Thu, Suldalsposten, 27.10.2004

