Kjekt å lage mat
Elevar i 9. klasse i Suldal skal ha 15 timar arbeidstrening, vår og haust. Alle vel ein plass dei vil jobba i to dagar. Men då på ein plass dei ikkje har jobba før.
Anna Lillehammer Bakka visar korleis du skal lage ein bagett med ost og skinke.
Før var arbeidstreninga ei veke, men det har blitt endra nå. Utplassering vil seia at dei skal på arbeidstrening på ein stad, dei vel sjølv. Dei har arbeidstrening for å læra korleis det er å jobba på denne plassen. Elevane har valt mange ulike plassar. Nokre eksempel er; Sand Sport, Norsk Stein og biblioteket.
Ei jente i 9. klasse, Anna Lillehammer Bakka, frå Sand skule, jobbar på Fargeriet og eg har snakka med henne.
- Eg valde å jobba på Fargeriet fordi det er kjekt å laga mat, og det er ein grei plass å vera utplassert. I tillegg var det nokon som sa til meg at det er bra å jobba på Fargeriet. Dette med utplassering syns eg er kjekt. Du lærer jo korleis det er å jobba som vanleg, og her, på fargeriet, lærar du korleis du skal laga mat, korleis kassen verkar og korleis du skal servera.
Kva eg skal gjera til hausten veit eg ikkje enda, men det blir kanskje eit yrke som ikkje har noko med matlaging å gjera, avsluttar Anna Lillehammer Bakka.
Tekst og foto: Nicky Jongejeugd, Suldalsposten, 23.05.2009

