Kollektiv jul
Patrick og Patrick er i gang med å laga krans til døra til røykealtanen.
På den raude inngangsdøra til
hovudhuset heng ein dørkrans og ønskjer velkommen inn. Inne er det
lunt panel på veggane og pynta med lilla dukar når lokalavisa kjem
på besøk i adventstida. I eit hjørne i stova står
adventskalenderen: Eit juletre av finer med tre pakker
på.
- Me kan ikkje hengja på fleire pakkar, elles dett heile treet i golvet, smiler Elisabeth Nytræ. Ho er avdelingsleiar på Hiimsmoen.
Meir enn sju sortar
- Me pyntar ikkje til jul før veslejulaftan, og om kvelden reiser me til stampen i Vikadn og blir julereine alle saman, seier ho.
Nytrø fortel at jula er ei tid som kan vera sår for mange. Mange har det tøft med heimlengsel og sakn, og det er det viktig å ta omsyn til. Julaftan er det ein del av bebuarane som må vera på Hiimsmoen. På kollektivet ønskjer dei at bebuarane skal feira den første jula på Hiimsmoen. Seinare er det vanleg at dei reiser heim for å feira jul, men det er heller ikkje uvanleg at tidlegare bebuarar kjem tilbake for å feira jula i desse omgjevnadane. Dei vaksne medleverane feirar annakvar jul på kollektivet.
- Det er viktig at Hiimsmoen kan bidra til å skapa og ta vare på juletradisjonar. Mange av bebuarane har sine tradisjonar, men ikkje alle har det. Her har me mange faste tradisjonar, som badinga på Vikadn og me set ut graut til nissen, fortel ho.
Ei veke før julaftan ringjer dei òg til nissen for å forsikra seg om at han kjem. Eller han; det har hendt at heile nissefamiliar har komme på vitjing etter julemiddagen.
Førjulsaktivitetar
På Hiimsmoen er det viktig at bebuarane får det som er jul for dei, til dømes akkurat DET pålegget eller DEN julekaka. Derfor blir det bakt fleire enn sju sortar på kjøkkenet her før jul.
Baking er nå heller ikkje den einaste aktiviteten i førjulstida. I verkstaden får kreativiteten blomstra. Her er det produksjon av lys i mange fargar og fasongar, dørkransar og diverse trearbeid. Noko skal bli julegåver, medan noko anna skal julepynta bygningane på kollektivet. Me kan ikkje røpa for mykje, men kanskje det ligg eit heimelaga brettspel under juletreet hjå nokon på julaftan?
Bilettekstar:
1. Lys til tørk.
2. Knut Bakke har lang erfaring med å laga lys hjå Suldal elverk, og kan òg hanskast med sjølvlaga stearinlys på verkstaden på Hiimsmoen.
3. Samarbeidet mellom Patrick og Patrick har resultert i ein flott krans.
4. Kransen på hovuddøra ønskjer velkommen til kollektivet.
5. Fleire pakkar går det ikkje på kalenderen, for da deiser treet i golvet. Det er trekking etter middag for å finna den som skal opna dagens pakke.
Tekst og foto: Trine Lunde, Suldalsposten, 23.12.09