Kombinerer nytt og gammalt
John Leo Rødne er vaktmeister ved Hiimsmoen-kollektivet og prosjektansvarleg for restaureringa av 1. etasje i sommarbustaden til lord Hunter. - Me har forsøkt å ta vare på dei ulike tidsepokane som huset representerer, seier han. - Eg er mest nøgd med korleis me har greidd å kopla det nye og det gamle.
Prosjektansvarleg John Leo Rødne fekk seg ei overrasking då dei reinska veggene i det som har vore både feriebustad for lorden, tuberkulose-sanatorium for Røde Kors, sjukeheim og barnehage. Bak det gamle dekkverket skjulte det seg ein godt bevart tømravegg som gir det nyrestaurerte bygget ei heilt særeigen varm glød.
Original
- Me hadde aldri trudd at tømra skulle vera så fi n. Inni festsalen var det nok å vaska veggen og smøra på litt olje, så fekk veggen tilbake sin originale farge, fortel han. Oppussinga av første etasje har kosta 3,5 millionar kroner. Då er også det nye inventaret tatt med i summen. I tillegg til stor eigeninnsats har KV-Bygg Suldal stått for hovudentreprisen. Torsdag kveld inviterte stolte elevar og tilsette ved Hiimsmoen-kollektivet bygdefolket til omvising. Mange møtte opp og fekk servert lefser, kaker og kaffi i festsalen.
Utleige
Ein gong på 70-talet vart dette rommet nytta som kommunestyresal. Nå vonar kollektivet at bygdefolk vil leiga lokala til større og mindre samkomer.
- Me fekk testa ut kjøkkenet på søndag. Då var det konfi rmasjon her, fortel Arne Steinbru som arbeider i administrasjonen. Han fortel at dei tilsette starta rivearbeidet sjølv for cirka eitt år sidan. Så byrja KV-Bygg Suldal på restaureringsjobben i juni i fjor.
Trond Hjorteland, Suldalsposten 19. mai 2005

