Lesarbrev i Suldalsposten

Kreativ handling mot narkotikaen

Eg er imponert over lensmann Hustoft sitt engasjement i å stanse den negative utviklinga med narkotika i Suldal. Stikk ein fingeren i jorda må ein kanskje innrømme at nåken og kvar av oss har tenkt at det var eit tidsspørsmål før dette vart eit problem i Suldal og? Det er alltid greit å ha ein syndebukk. Bl.a. Hiimsmenkollektivet får skylda for at tidligere beboere bosett seg i Suldal, sprekk- og er ein trussel mot bygda. Har nåken tatt seg tid til å sjekke kor stor prosent av Hiimsmoen-ungdommene som greier seg godt videre i livet? Eg meine å ha hørt 6 av 10, dvs 60%. Det vil igjen sei at Kollektivet sit med ein kompetanse som kommunen burde nytte seg av. Sjølv ser eg tilbake til tida på Sand kor det var trygt og ukomplisert å ha barn og ungdom, sjøl om Hiimsmoenkollektivet hadde eksistert i 10-15 år. Om ein ungdom er rusa eller ikkje, eller kva han/ho er rusa på, er etterkvart blitt vanskelig å oppdage både for foreldre, skule og andre som står ungdommen nær. Kompetansen frå f.eks Kollektivet må vel kunne nyttast som en slags "taushetsbelagt bekymringssentral" kor foreldre kan få gode råd og veiledning på eit tidleg stadium? Dei fleste foreldre vil nok fortrenge sine første mistanker, sjølv om det kanskje er då det er størst sjanse for å forhindre misbruk. Uten redsel for at det får konsekvenser av noko slag trur eg mange foreldre hadde teke mot til seg og kontakta ein "bekymringssentral". Det er for naivt å tru at omsorgsfulle foreldre, en gjensidig åpenhet mellom venner/naboer eller eit engasjert, men sjokkert formannskap er nok til å stoppe ei utvikling som er skremande på landsbasis. Det trengs kreativ handling og det må skje uten at formannskapet skal få tid til å komme ut av sin sjokktilstand for deretter å diskutere utover våren kva som skal gjerast! Skjer det noko fort er kanskje EIN suldals-ungdom og familien spart for det helvete rusmisbruk fører med seg.

Stavanger 18. januar 2007 Astrid Antonsen