Medisin for hjarte og sinn

Aldri har den årlege haustfesten på Hiimsmoen samla så mange. 150 gjester; foreldre, vener av tidlegera og nåverande elevar, saman med tilsette og bygdefolk benka seg til ein feiande, flott revy på Kulturhuset.


Mangeårig leiar ved Hiimsmoenkollektivet og revy-konge, Knut Redalen, i stillferdig dialog med Unni.






Erfjordbuen Anita Eilertsen illustrere relasjonsbygging for Francis.



Den nesten tre timar lange framsyninga gav eit godt innblikk i dagleglivet på Hiimsmoen med sine trivialitetar og karakteristika, skildra gjennom skjetsjar, tablå, song og musikk. Gjennom heile første avdeling følgde me eit menneskebarn frå glade barneår, gjennom valets kvaler i unge år fram til Hiimsmoen. I tause, sterke bilete og velvalte songtekstar både frå eigne og meir kjende artistar. Og her må det seiast at Hiimsmoen til eikvar tid har imponert med dei musikalske kreftene dei rår over. Også i år. Tradisjonen tru sette Dagslandteksten "Dei umulige" ropeteiknet som eit ståande publikum forlangde reprise på. Revy og fest var gratis, men folk vart oppfordra til å støtta jordskjelvofra i Pakistan, noko som gav 2149.50 kroner. Dette året fekk det påfølgjande gjestebodet innvia festsalen på lakseslottet med herleg middag, etterfølgd av eit bugnande kakebord og med markering av elevar og tilsette. Blant dei leiar for Hiimsmoenavdelinga, Hallstein Espeland, for 15 års innsats på moen.

Suldalsposten, Helga Møgedal, 21.11.05