Narkomiljø rekreuterer stadig unge

- Me har lett for å lulla oss inn i tanken om at narkotikamisbruk berre skjer andre stadar. Første steg i kampen mot problemet er å innsjå at narkotika vert misbrukt i Suldal også, for det gjer det, seier bu- og rehabiliteringssjef Nina Mosbron.

Johanne Erfjord, Anne Brit Thoresen og Nina Mosbron meiner at første steg i kampen mot narkotikamisbruk er å innsjå at problemet finst, også i Suldal.

Suldal har valt ungdom, rus og psykiske lidingar som tema når verdsdagen for psykisk helse vert markert denne veka. Bu- og rehabiliteringssjef Nina Mosbron seier at alkohol er eit større samfunnsproblem enn narkotika i Suldal.
- Men det eksisterer eit lite og stabilt narkotikamiljø, stadfestar ho.
Storleiken på gruppa er stabil, men det betyr ikkje at nye ungdomar ikkje vert rekrutterte.
- Me opplever at nye kjem til når andre flyttar, seier Mosbron.
Av omsyn til personvernet ønskjer ho ikkje å opplysa kor mange ungdommar som til ei kvar tid er tilhøyrande narkotikamiljøet i Suldal. Ho opplyser at misbruket i hovudsak dreier seg om lette narkotiske stoff, men at ein også har registrert bruk av heroin.
- Det ser ut til at folk i det etablerte miljøet misbruker stoffet som til ei kvar tid er tilgjengeleg, seier ho.

Byggjer bruer
Psykisk helseteneste i Suldal står bak markeringa av verdsdagen for psykisk helse i slutten av veka. Trioen håpar at programmet vil auka kunnskapsnivået til både unge og vaksne. Torsdag skal overlege Odd Storsæter frå Psykiatrisk ungdomsteam i Sør-Trøndelag drøfta stoffproblem under tema «Ecstasy, Fantasy og norsk virkelighet». Og Nina Mosbron understrekar at den norske verkelegheita også gjeld Suldal:
- Situasjonen i distrikta nærmar seg situasjonen i Oslo og andre storbyar.
Ho oppmodar alle suldøler til å ta del i markeringa til helga, og sender ein særleg invitasjon til politikarane.
- Kunnskap og dialog er det viktigaste i kampen mot rusmisbruk, konstaterer Nina Mosbron.
Johanne Erfjord legg til at målet med arrangementa også er å byggja bruer mellom rusinstitusjonar og psykiatriske institusjonar.
- Tradisjonelt har dei gjerne stått på kvar si side, med klientane som taparar i midten. Det er viktig at rus- og psykiatri-institusjonar nærmar seg, og jobbar saman for rusmisbrukarane sitt beste, meiner Erfjord.

Tung materie
I Suldal finst det to rusavvenningsinstitusjonar, Hiimsmoenkollektivet og Juvåsen ressurssenter. Dei aller fleste klientane kjem frå andre kommunar enn Suldal.
- Korleis påverkar dette russituasjonen i kommunen.
- At dei fleste klientane kjem utanfrå fører heilt klart til ringverknader. Men me treng slike institusjonar, og ein stad må dei liggja. Me ser på både Hiimsmoen og Juvåsen som ressursar i arbeidet mot rusmisbruk, og ønskjer eit tett samarbeid, seier Johanne Erfjord.
Ho håpar at verdsdagen for psykisk helse nettopp skal bidra til auka fokus på samarbeid i kampen mot narkotikamisbruk blant ungdom.
- Det er ein tung materie, og det er vanskeleg å vita korleis kvar enkelt kan ta tak i problema. Me håpar at fagdagen og foredraga kan gje folk i Suldal ein ny giv, seier Erfjord, og oppmodar folk til å møta opp for å stilla spørsmåla dei lurer på.

Bernt Eirik Rød, Suldalspsoten, 07.10.03