Narkoutviklinga i Suldal

Hiimsmoenkollektivet tar sin del av ansvaret for narko-miljøet på Sand, og ønskjer samarbeid for å hindra negativ utvikling.






Dagleg leiar ved Hiimsmoen, Mette Byremo


- Situasjonen har samansette forklaringar, og me er fokuserte på vår del, seier dagleg leiar Mette Byremo.

Alltid aktuelt
Oppfølging av elevar etter brote eller avslutta behandling, opptar institusjonen sterkt. Avdelingsleiar Hallstein Espeland seier dei ser sitt ansvar og er heile tida fokusert på det som kan gå galt. - Verknaden Hiimsmoen har på bygda er noko som stadig er aktuelt tema, seier Byremo. Det kan kanskje virka som om det er fleire som bryt opplegget på Hiimsmoen nå, men dei tilsette opplyser at talet på dei som hoppar av har vore jamt over fleire år.

- Få blir buande
Miljøarbeidar på Hiimsmoen, Knut Bakke, fortel at få elevar bryt behandlinga og endå færre av desse blir buande på Sand. I fjor vår var Hallstein Espeland i kontakt med politiet om utviklinga. Han understrekar at Hiimsmoenkollektivet opplever at dei har eit godt samarbeid med lensmannskontoret. For Hiimsmoen er det også viktig å ha eit godt forhold til bygda, og ser at auka bekymring kan vera ein belastning på lokalsamfunnet. Ein av kollektivets fire hovudregler understrekar kor viktig forholdet til bygda er. - Det er naturleg at bygda seier ifrå når grensa er nådd. Då er grensa alt kryssa for vår del, seier Byremo.

Sårbare
Problematikken med at "gamle" elevar buset seg på Sand har vore tema på Hiimsmoen lenge. - Elevane på Hiimsmoen er sårbare og det trengst rusfrie soner rundt elevane for at desse skal lukkast best mogleg, seier Bakke. Hiimsmoen er eit pedagogisk tiltak der elevane gradvis skal attende til normalt liv. Dei tilsette legg til rette for og motiverer ungdommen til å leva rusfritt, men i opplegget ligg det ein stor grad av fridom. Elevane har rettar og det er mange retningslinjer for institusjonen å følgja. - Me kan for eksempel ikkje utan vidare låsa dørene og nekta elevane å dra ned til Sand, seier dei tre tilsette, som opplyser at institusjonen har interne rutinar for oppfølging av tidlegare elevar. - Dei veit at me følgjer med og stikk kjeppar i hjula om dei skulle gjera noko me ikkje ønskjer, seier Byremo. Me har for eksempel tipsa politiet fleire gonger og kjem til å gjera det igjen om det skulle vera nødvendig, legg ho til.

Lova gjeld
Tilsette ved Hiimsmoen forstår bekymringa til foreldre på Sand og ønskjer at alle gode krefter samlar seg for å forhindre ei negativ utvikling. Hiimsmoen oppfordrar på det sterkaste elevane sine til å flytta andre stader enn Sand etter endt opphald. Men lova om kommunale tenester gjeld, og dei tilsette kan ikkje stoppa dei som ønskjer å bli verande. Grunnen til at nokre få tidlegare elevar slår seg ned på Sand, er at mange får eit positivt forhold til plassen medan dei er her. - Dei aller fleste klarer seg bra etter opphald på Hiimsmoen. Det bur òg tidlegare elvar på Sand som klarar seg veldig godt, og som samfunnet har tatt godt imot. Desse er ein viktig ressurs som me set pris på, seier dei tre tilsette.

Suldalsposten, Karoline Reilstad, 16.12.06