På Hiimsmoen får dei det til saman
Hiimsmoenkollektivet feirar 25 år, og denne veka trakterte dei bygdefolket med kaffi og kaker. Og attpå ein liten forsmak på energisk scenekunst.
"Tysdag kveld var det opne dører på Hiimsmoenkollektivet." Foto: Esther Moe
På Hiimsmoen får dei det til saman.
Suldalsposten, Esther MoeVed enden av den haustflammande allèen bivrar faklane omkapp med glasrutene i den staselege bygningen like ved. For mens bygdefolket let seg invitera inn til kaffi og kaker, står flesteparten av husets eigne folk til knes i aukande rampelys-feber. Kveldens 25-års jubileumsframsyning kjem ikkje rekande på noko fjøl, og hektisk øvingsinnspurt rår grunnen på Hiimsmoen denne tysdags kvelden. Elev ved kollektivet, Lilly Elaine Salvesen, har tru på at også ungdommar utan rusproblem og erfaring med barnevernet skal kjenna igjen kjenslene rundt at livet byr på utfordringar. Det kriblar godt i magen med tanke på det kommande solist-nummeret på den store scenen, men ho er ikkje snauare enn at ho byr på ei strofe frå songen sin "Noen der ute", signert Viggo Krüger og Morten Lorentzen, som for anledningen er hyra inn frå Aleric Ung Plan i Bergen. " Det er alltid noen der ute som går og leter etter meg. Som vil løse opp min knute, som sier gu' kor eg har savnet deg", syng ho lågt, men sterkt likevel.
Salvesen går på byggfag på den vidaregåande skulen på Sand. Draumen er frisør, og nå jobbar ho med karakterane. Etter seks månader ved kollektivet er ho glad for å ha stifta vennskap utanfor Hiimsmoen. - Eg gjer ingen løyndom av at eg bur her og forstår at mange er forvitne på livet her, smiler ho.Ein vanleg dag på kollektivet startar ved sju-tida. Frukost er det klokka 07.30 og deretter morgonmøte klokka 08.00. - Som i ein vanleg heim, må kjøring og aktivitetar planleggjast, men når me fort er rundt 30 personar, må det planleggjast litt meir, fell Liv Ellen Ebne inn.Etter planleggingsmøtet, er det husarbeid og deretter byrjar arbeidsdagen med inne- og utelag for dei som ikkje går på skule. Frå klokka 15.00 er det fritid, med gym, kino, Singstar og naturaktivitetar.- Folk er hjarteleg velkomne på besøk her, men alle som kjem hit første gong blir forklarte at dette er ein 100 prosent rusfri stad, fortel Ebne som sjølv vaks opp med kollektiv som nabo og godt forstår at det kan florera mange myter om eit
Suldalsposten, 13.10.2007

