Prisverdig byggverk

Fire byggherrar mottok Suldal kommune sin byggjeskikkpris; diplom og 5000 kroner.

Også kvelden fekk ei prisverdig ramme.

Prisa for god byggjeskikk. Frå venstre John Leo Rødne som har hatt ansvar for rehabiliteringa av Fargeriet, Helge Husevåg,Øystein Lie og Vidar Austarå.

Årets jury, byggjeskikkutvalet, hadde i forkant signalisert at dei kom til å dela ut meir enn ein pris og i fl eire kategoriar. Det følgde dei opp. Dei seinare åra har kommunen ikkje delt ut byggjeskikkpris, men dei gode døma har lege der, så juryen tildela fi re prisar onsdag kveld på Ryfylkemuseet. Til Anita og Vidar Austarå for rehabilitering av våningshuset i Hamrabø og til Hiimsmoen-kollektivet for Fargeriet, stiftinga sitt hus i Gata på Sand. I kategorien hytte/landskapstilpassing fekk Marit F. og Øystein Lie frå Haugesund pris for den nyoppsette hytta i Vatlandsvåg, Helge Husevåg fekk for god terrengtilpassing av veganlegget til Litlevik på Sand.

Noko attåt
Juryformann Odd Hotvedt understreka at Suldal kommune ønskjer større fokus på god byggjeskikk. Noko som viste att blant publikum der ein fann fl eire politikarar, rådmann og leiar for bygdeutvikling. Av same grunn føregjekk også markeringa under større festivitas enn tidlegare med musikalske godbitar frå distriktsmusikarane og andre frå kakebordet. Det faglege aspektet vart ivaretatt av den tidlegare byantikvaren i Stavanger, Elsa Grimnes, som viste både avskrekkande og eksemplariske døme på byggjeskikk frå rehabiliterte eller påbygde hus i gamle Stavanger.

Byggjeskikkutvalet
I utvalet sit politikarar, representantar for administrasjon og fagfolk frå byggjesektoren med Odd Hotvedt, leiar, Karin Vaage, Grete Holmboe, Cecilie Jelsa, Endre Gjil, Ole Martin Dahle og Rune Roalkvam. Dei kjem til å leggja fram forslag til ny byggjeskikk-rettleiar for kommunen. For neste års pristildeling vert det utnemnt ein eigen komité. I neste nummer viser Suldalsposten hytta i Vatlandsvåg, medan huset i Hamrabø innleier ein ny bygnings-serie som kjem i avisa utetter året.

Helga Møgedal, Suldalspsoten 08.04.06