Ungdom for Ungdom
Suldalsposten, Helga Møgedal, 14.09.11
Revyen opna sterkt, leia an av nestor Knut Redalen som saman med elevane framførte i eigen regi, Kringssett av fiendar.
550 liter mjølk
- Å leva her er å leva bra, song to elevar frå sofakroken. Deretter fekk me konkretisert dei økonomiske utfordringane eit narkotikakollektiv for tenåringsungdom blir utsett for når det årleg blir sett til livs 1144 brød, 550 liter mjølk, x antal kilometer dopapir og kjøttdeig tilsvarande fire storvaksne elgar.
Publikum var denne kvelden som før tidlegare og nåverande elevar og tilsette. Dei følte sterkt med ekteparet som i god tru tok inn på Hotell Hiimsmoenkollektivet utan å rekna med å bli utsett for husets reglar!
Etter suksessen på kulturhus-scena, bar det tilbake til moen. Til graut, kaker, song og talar. Nok ein haustfest var dratt i land. Etter eit uvanleg strevsamt år.
Stiftinga feira også i helga Hanne Lund-Johansen som i 25 år har tent kollektivet og kafeen i Gata trufast og allsidig. - Dette er ei dame med mange lidenskapar, som fiksar alt frå personal til mat. Eit rivjern som er på jobb tidleg og seint, seier dagleg leiar for Stiftinga Hiimsmoen, Mette Byremo..

