Skulerer seg
Med pengane frå fylkesskulekontoret i Rogaland kan Hiimsmoen laga eit skuleopplegg som betre kan motivera, koordinera og følgja opp elevane. Den siste perioden med skuletilbod blei avslutta for 5-6 år sidan. At tilbodet startar opp igjen, betyr mykje, seier dagleg leiar Mette Byremo.
- Nokon treng berre å tetta hol, ein del treng å halda ut på skulebenken sjølv om det er kjedeleg. Mange er flinke fagleg, men treng ei ordning som er tilpassa elevgruppa.
- Det er i vår interesse at det kjem på plass så fort som muleg, men det er realistisk å få det til i løpet av ein tremånaders periode.
Hanna Maria van Zijp Nilsen, Suldalsposten.

