Sommardagar på Hiimsmoen

Robin Kopperud Andreassen er svært , ottatt av å halda seg i form, og får hjelp av Sein Kristian Håvik.

Fakta:
Hiimsmoenkollektivet blei etablert på Sand i 1982, som eit fylkeskommunalt kollektiv for ungdom med rusproblem. Kollektivet blei i 1988 omdanna til ei privat stifting. Året etter blei det oppretta ei verksemd i Stavanger; Gata 51. Der kan ungdom som er ferdig med opphaldet på kollektivet bu om dei ikkje er klare for å bu aleina. I 1994 vart det oppretta ein kafé på Sand; Fargeriet og medbufellesskap i andre høgda. I 2000 kjøpte stiftinga Langgata 2 i Stavanger.
Huset tilbyr bl.a tidlegare ungdom ein varig tilknytnad med ulike tilbod som arbeidstrening og fellesskap.
Det føreligg leigeavtalar for eit småbruk på Nevøy og hytte i Valldalen. SHK har totalt 38 stillingar, og brutto budsjettramme har dei siste åra vore på rundt 25-30 millionar. Drifta av stiftinga baserer inntektene sine på ein døgnpris pr. elev. Stiftinga sitt hovudmål er å gi eit langvarig tilbod til ungdom med rusproblem. Visjonen er å gjera det "mulig umulige mulig".



 Medlevar Elise Vognstølen har planar om å ri over Hardangervidda i sommar.

Kajakkpadling, strandvolley, riding og turar er litt av sommarkvardagen på Hiimsmoenkollektivet.
Onsdag føremiddag skin sola mot det raudkledde huset. Det luktar ei blanding av grønt gras, blomar og nykokt kaffi. Det kjem lydar frå kjøkkenet. Nokon vaskar opp etter frukosten, medan andre nyt finvêret ute på benkane. Det er sommar på Hiimsmoen.
Om sommaren er det seinare frukostar, kortare arbeidsdagar og meir tid til aktivitetar. Klokka 10 er det frukost, og halv elleve er det morgonmøte. Då planlegg dei dagen, og set etterkvart i gong med inne- og utegrupper. Innegruppa sørgjer for vedlikehald i huset, medan dei ute gjer alt frå å klippa plenar til å måla.
Når klokka blir eitt er det tid for lunsj og planlegging av resten av dagen. Elevane får koma med ynskjer, og så tar me det meste på sparket, seier bømlingen Sven Kristian Håvik (29). Han har jobba på kollektivet sidan mars i år. Han utdanna seg til sosionom i Bodø og har jobba med utviklingshemma før han kom hit.

Sommarferie
Årets to veker sommarferie gjekk til Finland, nærare bestemt ei øy i Ålandskjergarden. Der slappa dei av på ei hytte like ved sjøen.
- Me hadde utflukter og populære aktivitetar som fisking, bading og kajakk, seier Håvik.
- Og så var det ei fantastisk badstove der, skyt N.N. inn. Han er finsk, og har jobba på Hiimsmoen eit år. Dei var også på sightseeing gjennom middelalderen, der dei fekk læra litt om vikingtida, i tillegg til dagsturar til Mariehavn, Stockholm og Mummidalen.
- Det var positiv stemning blant alle og me klarte verkeleg å slappa av, seier Håvik som er nøgd med ferieopphaldet. Han trivst veldig godt på den nye arbeidsplassen.
- Det er ein veldig spennande plass å vera. Det er ein heilt anna livsstil enn kva folk vanlegvis har. Me jobbar seks veker, og har to veker fri. Det er jammen meg ikkje mange som har denne type turnus, seier han, og legg til at det både er krevjande, interessante og positive sider ved å bu så tett på kvarandre.
- Her kan me gjera mykje. Du kan få oppleve ting som andre berre drøymer om, seier Elise Vognstølen. Ho var sjølv elev for nokre år tilbake, men då ho skulle ta eit år på skule i Sauda bestemte ho seg for å flytta tilbake som medelev. Ho har mellom anna ansvar for dei fem hestane på Hiimsmoen. Ho skal snart byrja å jobba på Juvåsen. I friperiodane vil ho bu på Hiimsmoen.
- Alle som kjem for å jobba på Hiimsmoen, blir her, seier Vognstølen, og legg til at alle er svært nøgde med arbeidsplassen sin. Gjennomsnittleg arbeidar dei her i mest åtte år.

Hytter og hus
Kvar sommar reisar dei fleire gonger til Valldalen. Der går hestane ved ei gamal turisthytte som Hiimsmoen leiger. Elise skal ha med seg ungdomar for å ri over Hardangervidda. I tillegg til Valldalen har dei også eit hus på Nevøy. Den årlege Jonsokfeiringa blir blant anna lagt dit. Dei har faste turar kvart år. Dei feirer nyttår på Hafjell, er på Hardangervidda i vinterferien, har påskenferien i Valldal og 17. mai feiringa har dei på Skogerøya. - Me har også mange små utflukter i løpet av året som til dømes rafting, seier Håvik.

Frå by til bygd
- Først var det noko drit å koma her. Eg berre gleda meg til den dagen eg skulle vekk herfrå, seier attenårige Robin Kopperud Andreassen, som kom til Sand frå Drammen i fjor haust. Han starta å rusa seg i elleve-tolvårsalderen.
- Barnevernet hadde mange saker på meg, så då eg blei tatt i eit ran vart det eit tvangsvedtak om at eg skulle hit, fortel han. For byguten var det ei heilt spesiell kjendsle som traff han dei første dagane.
- Eg vart tvangssendt langt pokker i vold heimanfrå, og eg vart frårøva alt som eg såg på som fridom. Og no skulle eg brått bu i eit kollektiv. Det var veldig merkeleg for meg, seier han med eit alvorleg blikk, i dag er han svært nøgd med kvardagen på Hiimsmoen.

Gode opplevingar
Kjipe opplevingar på Hiimsmoen kjem han ikkje i hug. Han meiner at alt blir etter korleis du gjer det sjølv.
- Me er ei samanspleisa gruppe med positiv stemning rundt oss. Så lenge folk gjer sitt, så blir det alltid bra. Det kjekkaste han veit er trening, det tar stor plass i kvardagen hans. Han blir i fysisk og psykisk betre form.

Sommar på Hiimsmoen
- Eg trenar styrke 4 gonger i veka, og kondisjon 5-6 gonger i veka. Då spring eg intervall opp og ned bakken til Hiimsmoen. I tillegg er han oppteken av kosthaldet.
- I starten talte eg kaloriar på alt eg åt, men eg har fått eit meir avslappa forhold til det nå. Det er ingen tvil om at treninga gir han gode opplevingar, noko som er eit mål for alle på Hiimsmoen.
- Eg blir i betre form, får betre sjølvtillit og så får eg overskot av all treninga, smiler han, og fortel at han får mange fine rusfrie opplevingar. Kajakkpadling er noko som har fanga interessa hans. Han har eit mål om å delta i så mange aktivitetar som muleg.
- Eg føreslår det eg har lyst til, så får eg det som regel til. Nå skal eg melda meg inn Suldal Røde Kors, fortel han. Han fekk nemleg vera med Elise på vakt under ungkarsfestivalen.
- Eg sytte for at folk hadde det bra, og så pleia eg sår.
- Han var kjempeflink, skryt Elise.

Herleg å vera rusfri
I vekene jobbar Robin fleire dagar på Fargeriet Kafè. Der får han arbeidstrening, i tillegg til å møta lokalbefolkninga.
- Dei verkar hyggelege, spesielt frisørdama. Skriv Katharina i parentes, ler han. Til hausten startar han på Sauda vidaregåande på Sand. Han skal ta skuleår med allmennfag på eitt år.
- Når eg flytter, skal eg klara å ta det siste året på eigenhand. Han har nemleg bestemt seg for å vera friviljug på Hiimsmoen eitt år til. Han fortel at det er både og med å vera rusfri.
- Stort sett går det veldig greitt. Det verste er at det er veldig hardt arbeid. Største jobben er å halda seg rusfri når ein veit det er lett å starte oppatt etter opphaldet på Hiimsmoen. Eg skal i alle fall aldri flytta tilbake til Drammen. Der har eg eit stort rusnettverk. Freistinga kan bli for stor, så det vil ikkje lønna seg, fortel han. Men han er likevel meir motivert enn nokon gong for å klara det. Og når han får spørsmål om korleis det er å vera rusfri svarar han med eit godt smil:
- Det er herleg.

Ane Foldøy, Suldalsposten, 30.07.08