Svoltne på ny kunnskap

- Det er unikt å få dette her, me får jo alt servert, seier Venke Steine Bersås. Ho er ein av seks elevar som tar bachelor i vernepleie gjennom nettskulen.

Bildetekst: F.v Mikael Sagsveen, Astrid Kvæstad, Åse- Lill Sildelid, Anna Østrem, Venke Steine Bersås og Jon Kristian Helland på skulebenken på Sand.

SVOLTNE PÅ NY KUNNSKAP
Vernepleieutdanninga skjer i regi av Diakonhjemmet høgskole i Oslo, som har ein underavdeling i Haugesund.
Utdanninga gir 180 studiepoeng og går over 4 år og er ein del av Skreddarsydd utdanning.
Eit partnarskap mellom Suldal og Sauda kommunar, næringsselskapa i dei to kommunane og Sauda vidaregåande skule skal gjera det muleg å ta utdanning på heimstaden. Vernepleieutdanninga er kommen i gang med bakgrunn i at kommunane meldte frå om at det er behov for vernepleiarar, ifølgje Odd Magne Lønseth i Skreddarsydd utdanning.
Kvar måndag og tysdag møter elevane til undervisning ved Sauda vidaregåande skule, avdeling Sand. Undervisninga skjer rett nok gjennom ein lærar som snakkar til dei og med dei, og som også prøver seg på tavla. Men der er det slutt på det me til vanleg forbind med undervisning i klasserom, for læraren til nettopp denne gruppa er i Haugesund, og undervisninga føregår via storskjerm.

Små satelittar
Rundt 80 elevar har tatt til på vernepleieutdanninga i år. Fire mindre klassar ute i distrikta og ein stor på Høgskulen i Haugesund, der lærarane held til.
- Me andre er som små satelittar rundt om kring, seier Anna Østrem. Sidan det ikkje er ein lærar fysisk tilstades for dei fire mindre gruppene, kjem mykje av arbeidet til å skje gjennom gruppearbeid, der studentane bruker gruppa som respons på arbeid dei held på med. Nå er det konflikthandtering i grupper som står på agendaen. Det er viktig å kunna teorien rundt gruppearbeid og gruppeprosessar, sidan så stor del av studiet er gruppearbeid. Arbeidet skal munna ut i ei oppgåve allereie nå i haust, er forklaringa. Sjølv om mykje er digitalisert har studentane vanlege lærebøker i pensum. Oppgåvene, informasjonen, ein del av kontakten med lærar og andre studentar derimot, skjer på nett. "It`s learning" er eit digitalt møterom som studentane samanliknar med Facebook. Det same programmet blir brukt både i grunnskule og høgskule og er svært nyttig, ifølgje vernepleiar-studentane.
Variert
Åse-Lill Sildelid er hjelpepleiar med vidareutdanning i psykiatri og er positivt overraska over omfanget vernepleiarfaget har. Ho har bunde seg til å arbeida i kommunen etter utdanninga og arbeider nå 60 prosent utanom studiene. Det har også yngstemann av studentane, Astrid Kvæstad på 24 år. Nettopp det å kunna arbeida, samstundes som dei studerer i Suldal, gjer utdanningstilbodet unikt, meiner studentane. Motivasjonen for å ta til med fire år på skulebenken er lære-iver.
- Ny inspirasjon, nye utfordringar, meiner Åse- Lill Sildelid. Sidan undervisninga skjer på deltid, strekkjer studiet seg over fire år, mot tre som er normal studietid for å ta ei bachelor-grad. Første året er via til reine studier. Dei neste tre skal studentane også ut i praksisperiodar.

 Bildetekst:
Det har stort sett gått fint, og eg er positivt overraska over videoundervisning, seier Bersås. Måndag var det likevel ein del tull med brot i overføringa som resulterte i manglande undervisning, men nett-elevane reknar med at dette er barnesjukdommar.

Suldalsposten, 29.09.10, tekst og foto Gro Helland