Tidligare elever øydelegg

Francis Jones (19) er blitt glad i Sand etter to år på Hiimsmoen, men har ikkje planar om å busetja seg her seinare.

For nye elevar på Hiimsmoen øydelegg det at tidlegare elevar lagar eit dårleg miljø på Sand, seier Francis Jones. Han har vore på Sand i to år og er sjølv blitt glad i plassen og har fått venner her. Likevel har han ikkje tenkt å busetja seg her seinare.
- Hiimsmoen gjer det dei kan for at tidlegare elevar skal flytte bort. Sand kan jo ikkje bestå av tidlegare elevar frå Hiimsmoen, seier han. Han tykkjer ikkje det er greitt at gamle elevar med rusvanskar buset seg på Sand.
- Personlege behov bør komma bak i rekkja. Viss dei blir på Sand, gjer dei det vanskelegare for andre. Jones merkar òg at Sand er ein liten stad og at rykta går. Han forstår at for nokre av dei i bygda kan det vera vanskeleg å skilja mellom tidlegare elevar som har falt tilbake og dei som er på Hiimsmoen nå.
- Me som er her nå, og andre som kjem, blir stigmatiserte. Folk tenkjer ofte at det er ein "gammal" Hiimsmoenelev. Ofte klarer dei ikkje å skilja mellom oss og dei, og det øydelegg for oss, seier han.
- Hiimsmoen bruker mykje tid på å byggje opp gode relasjonar. Ei helg medtull øydelegg så mykje at det tar lang tid å byggja opp att, seier Jones. At dei tilsette må bruka tid på tidlegare elevar, gjer at fokuset vert dårleg for nåverande elevar.
- Det tar mykje energi og tid frå dei tilsette og det øydelegg for oss, fordi dei får mindre tid til oss, seier han. Jones legg vekt på at dei aller fleste flyttar bort etter å ha vore på Hiimsmoen, og slik skal det vera. Hiimsmoen skal vera ein fristad den tida behandlinga varer.

Suldalsposten 16.12.06