Ungt og ærlig

Feiringa av Hiimsmoenkollektivet sitt 25-års jubileum starta laurdag med teaterframsyning på Kulturhuset.

Ei fantastisk vokalframføring av Ida Susanne Kappel (t.h.).


"Depresjonar er for folk med god råd". Å ta vanskelege val, visa kjensler, meistra kvardagen og vera ærleg. Tema for framsyninga laurdag var tydeleg tufta på opplevingar hjå ungdomane, og den truverdige framføringa forsterka bodskapen.

Musikalsk hjelp, både med tekst og tone, hadde Viggo Krüger og Morten Lorentzen stått for, men ikkje utan ønske og påverknad frå ungdomane sjølv.Utan tvil var det ei framsyning til ettertanke, og til ståande applaus kunne skodespelarane forlata scenen.




Tekst og foto: Jane Haaranes Suldalsposten, 17.10.07