Fryktar for Hiimsmoen
Ein dramatisk nedgang i talet på søknader om plass ved Hiimsmoenkollektivet har ført til permittering av ni tilsette.
- Eg skal ikkje spekulera i årsaka, men eg trur ikkje at færre ungdommar har behov for tilbodet vårt, seier styreleiar Ørjan Berven.
- Årsaka skal eg ikkje spekulera i, men som har behov for tilbodet ved Hiimsmoenkollektivet, seier styreleiar Ørjan si Berven.
Hiimsmoenkollektivet er eit tilbod til ungdom med rusproblem. Dei siste månadene har søknader om plass frå kommunane gått dramatisk ned. Dette har resultert i at styret såg seg nøydd til å permittera ni tilsette (åtte årsverk) av den totale arbeidsstyrken på om lag 38 årsverk.
- Reduksjonen i talet på ungdommar fører til eit inntektsbortfall som igjen har ført til permitteringar, seier Berven.
- Vil smuldra opp
Han understrekar at stiftinga har ein og solid økonomi, og at det difor ikkje er nokon umiddelbar fare for avvikling.
- Me har rygg til å bera svikt i inntekter på kort sikt, men dersom utviklinga held fram, vil det bli dramatisk.
Styreleiaren meiner at dagens inntektssystem bidrar til at fagmiljø smuldrar opp, ikkje berre lokalt, men også i resten av landet.
Stiftinga får ikkje betalt dersom plassar står tome, og det er opp til kommunane å søkja om plassar.
- Handlar om pengar
Per A. Thorbjørnsen tok i helga opp problemstillinga under Venstre sitt landsmøte i Trondheim; Han er leiar for Stavanger Venstres bystyregruppe og styremedlem i Hiimsmoenkollektivet.
- Anbodssystemet skapar ikkje kontinuitet og tryggleik, men uro. Kompetanse forsvinn og dei unge sit att som taparane, konstaterer Thorbjørnsen.
Venstrepolitikaren slår fast at problemet utelukkande handlar om at kommunar vil spara pengar.
Han karakteriserer allereie nå situasjonen for Hiimsmoenkollektivet som svært alvorleg.
Krev driftsgaranti
- Hiimsmoenkollektivet har gjennom snart 30 år vist til gode og og unike resultat. Dersom ikkje noko blir gjort, kan miljøet bli brote ned i løpet av nokre månader, fryktar Venstre-politikaren.
Også Per A. Thorbjørnsen understrekar at situasjonen ikkje er unik for Hiimsmoenkollektivet, men at institusjonar over heile landet merkar den same utviklinga.
- Eg vil ta saka med tri Stortinget der statsråden må gje svar, for situasjonen er uhaldbar.
Thorbjørnsen meiner at ein driftsgaranti må på plass snarast råd.
-Stiftingar må få løyvingar om driftsinntekter sjølv i tider med dårleg belegg, meiner Thorbjørnsen.

