Mindre tung rus blant unge

- Mindre tung rus blant unge
Barnevernsjef i Stavanger, Gunnar Toresen, forklarar nedgangen i søknader til Hiimsmoenkollektivet med at færre unge er tunge rusmisbrukarar.
Bernt Eirik Rod, Suldalsposten 16.04.11

Ni tilsette ved Hiimsmoenkollektivet er permitterte på grunn av dårleg belegg ved institusjonen. Seks av 20 plassar er ledige.
Dagleg leiar, Mette Byremo, seier at det har gått over eitt år sidan kollektivet fekk siste søknad om plass frå Stavanger kommune.
- Det er to årsaker til det: Me registrerer færre tunge rusmisbrukarar blant dei unge. Statistikken viser at denne typen rusmisbruk er halvert sidan 2002. Andre typar åtferdsproblem er meir dominerande nå enn klassisk tung rusbruk. Dessutan prioriterer Staten eigne institusjonar og tilbod, forklarer barnevernsjef i Stavanger, Gunnar Toresen.

- Ikkje for å spara
Det er barnevernet i den enkelte kom mune som identifiserer ungdom som har behov for hjelp. Kommunane informerer så Bufetat (Barne- ungdoms- og familieetaten), som har ansvar for å tilby rusmisbrukarane hjelpa dei treng.
Det medfører ikkje Staten ekstra kostnader å nytta seg av eigne tilbod. Døgnprisen for behandling ved private institusjonar er 5000 kroner.
Kommunikasjonssjef Mirjam Glosvik i Bufetat region vest avviser at nedgangen i talet på søknader til Hiimsmoen skuldast eit ønske om å spara pengar
- I valet av behandlingsstad har me alltid barnet sitt beste i fokus, ikkje kostnader, seier ho.
Glosvik seier likevel at Bufetat har eit uttalt mål om å prioritera eigne tilbod først.
- Grunntanken er å fylla opp eigne plassar først, men me behandlar alle søknader individuelt. Dersom me meiner at ein privat institusjon vil kunna tilby betre behandlig enn ein statleg, vil me velja den private, seier Glosvik.

- Treng Hiimsmoenkollektivet
Hiimsmoenkollektivet har bygd opp spesialkompetanse for å hjelpa tunge rusmisbrukarar under 18 år. Vedvarande dårleg belegg betyr at institusjonen nå er inne i den verste økonomiske krisa nokosinne.
Gunnar Toresen beklagar den økonomiske situasjonen ved Hiimsmoenkollektivet.
- Barnevernet ønskjer breidde og variasjon innan rusomsorgen. Me har behov for Hiimsmoenkollektivet og andre private institusjonar, i tillegg behandlingstilboda Staten tilbyr, seier han.
Barnevernsjefen skryt av resultata ved Hiimsmoenkollektivet og er ikkje i tvil om at dei tyngste rusmisbrukarane har best sjanse for å lukkast der. Og sjølv om dei har blitt færre, så finst dei.
- Det vil vera trist om kua døyr mens graset gror. Det tar minst fem år å byggja opp ein institusjon, men berre tre månader å bryta han ned, seier Toresen.

Besøk etter påske
I byrjinga av mai skal regiondirektør Borghild Lekve i Bufetat region vest besøkja tilsette og elevar ved Hiimsmoenkollektivet.