Skjebnedagar for Hiimsmoen
Hiimsmoenkollektivet tilbyr hjelp til ungdom som slit med tungt rusmisbruk. Barnevernssjefen i Stavanger kommune, Gunnar Toresen, forklarer nedgangen i talet på søknader med at færre unge slit med tungt rusmisbruk
og at Bufetat (Barne- familie- og ungdomsetaten) prioriterer statlege institusjonar framfor private.
Kommunikasjonssjef Mirjam Glosvik i Bufetat region vest stadfestar at Bufetat prioriterer eigne institusjonar, men hevdar at Hiimsmoenkollektivet og andre private institusjonar blir føretrekte dersom det er til rusmisbrukaren
sitt beste.
Hiimsmoenkollektivet har gjennom snart 30 år utvikla eit unikt tilbod der elevane vert følgde opp over lang tid. Ettervernet gjer at institusjonen kan visa til mykje betre resultat enn ved statlege institusjonar, der behandlinga i stor grad berre dreier seg om å redusera rusomfanget.
Det er sjølvsagt svært gledeleg dersom det stemmer at færre unge i Norge er tunge rusmisbrukarar. Men at dei er færre i talet betyr ikkje at dei som faktisk har behov for eit tilbod ved Hiimsmoenkollektivet treng hjelpa og kompetansen der mindre.
Det tar mange år å byggja opp ein solid institusjon som Hiimsmoenkollektivet, men berre månader å bryta han
ned.
Direktør i Bufetat region vest, Borghild Lekve, kjem til Suldal førstkomande tysdag for å ta Hiimsmoenkollektivet nærare i augesyn. Ho bør ha sitatet barnevernssjef Gunnar Toresen gav til Suldalsposten 16. april i bakhovudet:
- Det vil vera trist om kua døyr mens graset gror.
Leiar i Suldalsposten 28.04.11

