Verdiskaping og velferd
Hallgeir Langeland, Carina Tangeraas og Torfinn
Opheim sto for ordvekslinga ved årets
1.mai feiring på Sand. - Arbeid gir velferd,
var bodskapen Torfinn Opheim hadde med
seg til folk i kulturhuset.
- Idet me samlast her nå, endrast verda, innleia hovudtalar Torfinn Opheim (Ap), og viste til situasjonen i Midt-Austen og Nord-Afrika generelt, med vekt på Libya og Egypt spesielt. Norsk velferd og verdiskaping fekk vidare plass i Opheim si tale, og han understreka at det ikkje berre er i privat sektor det skapast verdiar. Kommersiell produksjon er ikkje nok aleine.
- Like viktig som å produsera ein buss, er at nokon kjører den, sa han eksempelvis. Postdirektivet, finanskrisen, styrking av barnevern, eldreomsorg og rusomsorg var òg tema han tok opp, og Opheim tok til orde for ei lovendring som vil gi deltidstilsette ei lovfesta minsteprosentstilling.
Palestinarar og lyntog
Carina Tangeraas (SV/SU) talte i sin appell om palestinarane sin situasjon på Gazastripa, og ei revurdering av Norge sine militære bidrag i internasjonale konfliktar. Ho appellerte òg til betre arbeidsvilkår og lønnsauke for mange grupper, før ho gav ordet til Hallgeir Langeland (SV), som i sin tur starta med ei støtteerklæring til Hiimsmoen-kollektivet. Deretter hasta han ivrig vidare til kamp for lyntog-utbygging og kulturløft, før han avslutta med å spørja seg om det ikkje snart er på tide å revurdera Norge sitt engasjement i Afghanistan.
Suldalsposten, Karsten Mikkelsen, 04.05.11

