Håp i det fjerne?

Framtida er framleis høgst usikker for Hiimsmoenkollektivet.

 Borghild Lekve, regiondirektør i Bufetat Vest og to av hennar medarbeidarar var tysdag på synfaring på Hiimsmoenkollektivet og fekk med eigne auge sjå korleis institusjonen vert driven.





Interessant

Lekve syntest det var ein nyttig tur til Suldal.
- Det var interessant å bli litt kjent med institusjonen, og eg fekk eit godt inntrykk. Hiimsmoen er eit godt tiltak som me har felles interesse av at består, og dei som jobbar der har ein verdifull kompetanse.
Suldalsposten har tidlegare skrive om permitteringane på grunn av at færre kommunar kjøper plass ved institusjonen.
Lekve kjenner seg trygg på at nedgangen nå er forbigåande.
- Når det gj eld kor mange som får plass, var det var ein topp i 2009, og nå er me tilbake på 2008-nivå. Det vil alltid variera kor mange som kvalifiserer til plass ,og me er avhengige av at kommunane ber om tiltak på ungdommar som er i målgruppa.
Dagleg leiar Mette Byremo synest det vart ein OK dag, mest fordi at gjestene ikkje hadde vore på Hiimsmoen før.
- Det er klart at dei ikkje er i ein posisjon til å lova noko, men me fekk tydelege signal på Bufetat er svært interessert i å behalda kompetansen me har. Som sagt kunne dei ikkje komma med lovnader, men dei stilte seg saman med oss i rekkja over spørsmålsstillarar: Kor blir ungdommane av?

 Krisa langt frå over
Det har ifølgje Byremo skjedd lite nytt rundt Hiimsmoen den siste tida. Det ho likevel merkar seg er at førespurnadane rundt søknader har tatt seg opp den siste tida, men ho peikar på at vegen er lang frå ein førespurnad om plass til søkjaren faktisk er på plass i kollektivet.
- Me hadde så låge tal i rekneskapen på begge sider av nyttår at det kjem til å gå langt utpå året før me kan seia om krisa er over eller ikkje. Me skal ha eit styremøte i juni som er ganske avgjerande for om drifta held fram.
Etter at alvoret rundt situasjonen til Hiimsmoen vart meir allment kjent, har Byremo opplevd at folk engasjerer seg, mellom anna på Facebook og med å senda spørsmål til politikarane på Stortinget. Barne-, likestillings- og integreringsminister Audun Lysbakken har fått eit spørsmål på sitt bord frå Bente Thorsen (Frp) om han vil engasjera seg for at kollektivet skal behalda kompetansen og dei tilsette på dagens nivå. Lysbakken har ikkje komme med svar på spørsmålet ennå.

Arne Vestbøstad, Suldalsposten, 07.05.11