Satsar på vidare drift
Dagleg leiar Mette Byremo kunne etter styremøtet måndag fortelja at Hiimsmoenkollektivet er over kneika.
Satsar på vidare drift
Eit oppsving i talet på søknader gir håp for vidare drift ved Hiimsmoenkollektivet.
Etter eit møte måndag bestemte styret for kollektivet seg for å vera offensive og satsa på vidare drift.
Dagleg leiar Mette Byremo er glad for at situasjonen har snudd såpass at dei vågar å satsa på at drifta skal halda fram.
-Etter at me varsla om situasjonen har mykje skjedd. Innsøkinga til kollektivet har auka, og det blir fullt her i løpet av juni. Alle permitteringane er nå trekte tilbake. Byremo understrekar at situasjonen var alvorleg og faren for nedlegging var høgst reell. Hadde ikkje talet på søknader tatt seg grundig opp trur ho det hadde vore kroken på døra, men nå vågar ho og styret å tru at drifta er sikra i tida framover.
- Me planlegg 30-årsjubileum til neste haust, seier ho.
- Situasjonen har stabilisert seg, og nå er me tilbake til kvardagen me kjenner.
Representant for dei tilsette, Knut Bakke, fortel at dei to siste månadene har det komme elleve søknader om plass på kollektivet, og nå er situasjonen for dei tilsette ved Hiimsmoen snudd opp ned; frå å vera permitterte til at det manglar tilsette, så Hiimsmoen tek nå sikte på å tilsetja fleire i tida som kjem.
Bilete tekst:
Endeleg kan Knut Bakke og Mette Byremo ønskje nye ungdommar velkommen til Hiimsmoen.
Samansett
Kvifor situasjonen har blitt som den har, er vanskeleg for Byremo å svara på. Ho trur det er svært samansett, og kan vera eit samanfall av mange årsaker. Ein del av problemstillinga er gjeldande kontraktar og måten kollektivplassane blir betalte. Difor vil kollektivet framover jobba eksternt med å få endra betalingsmodellen, slik at dei betre kan tåla periodar med færre søkjarar. Det har tidlegare vore svingingar i søkjarmassen, men ikkje noko som har likna situasjonen i år, i og med at det var så lang periode utan at nye søknadar kom til. I snitt treng ein om lag tolv nye inntak kvart år for å oppretthalda eit stabilt elevtal på 20.
- Bakke fortel at tidlegare år har det vore kø for å få plass på Hiimsmoen. Suldalsposten får opplyst at det i perioden 2007-09 i snitt kvart år var 50-60 søkjarar om plass på kollektivet. I 2010 var det 30 og i 2011 var det altså nær null søkjarar dei første månadane.
Bakke fortel at i den tida talet på søknader skrumpa inn byrja kollektivet å stilla spørsmål ved om tilbodet var godt nok. Alle stadar dei spurde fekk dei tilbakemeldingar på at tilbodet var bra, og at Hiimsmoen ikkje var åleine om å slita med å fylla opp plassane.
Spørsmåla har vore mange den siste tida, utan at svara har vore eintydige. Har det vore for mange behandlingsplassar? Har det blitt færre brukarar? Har søkjarane ikkje komme fram til rett instans? Kan auken av konkurrerande tilbod som heimebasert behandling ha spelt inn? I tillegg har forsking vist at det ved behandling i institusjon kan vera fare for ein viss smitteeffekt, men samstundes viser anna forsking at det er institusjonsbehandling som fungerar for somme og for dei sin del må tilbodet halda fram.
Må stå på
Knut Bakke trur at i tida som kjem må det leggjast ned ein innsats på to hovudområde: Det må bli jobba med å endra betalingssystemet, men det tek lang tid. På den andre sida er det å marknadsføra seg sjølv nå blitt viktigare enn tidligare år der ein har hatt overskot av søknader til plassane sine.
Varmande støtte
Første del av året har vore vanskeleg for alle som har vore direkte knytt til kollektivet, men både Byremo og Bakke fortel at dei har møtt enormt med hjelp, støtte og varme frå den lokale mannen i gata og frå lokale politikarar til rikspolitikarar, noko dei er svært takksame for.
Arne Vestbøstad, Suldalsposten 08.06.11

